Fiber til grendene i Årsheim-Kjøde

Enivest held på å bygge eit nytt TV- og breibandsnett basert på fiberteknologi. Under finn du informasjon om framdrift i utbyggingsprosjektet.

Klikk her for meir fiberinfo

Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging i grendene i Årsheim-Kjøde i Stad kommune.

Enivest gledar seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi samfunnet vårt.

Dette prosjektet er delt inn i to delar.

Del 1: I denne delen skal det gjennomførast gravearbeid, legging av røyr, trekking av kablar og montering av skåp.
Del 2: I denne delen av prosjektet skal det gjennomførast skøytearbeid og kundeleveransar.

Enivest har inngått avtale med GS-Maskin AS om del 1 av prosjektet. Val av entreprenør for arbeidet i del 2, er ikkje gjort enno.

Hovud- og graveentreprenør: GS-Maskin AS
Fiberentreprenør/kundeinstallasjon: Fokus Infranett
Oppstart av arbeid i feltet: 05.09.2021
Kundeinstallasjon: 05.01.2022 - 20.02.2022 (estimert)

Kontaktperson er Terje Pettersen i GS-Maskin, tlf. 46 70 89 09 (kl. 08:00 - 16:00) / kunde@gs-maskin.no. Ta kontakt med han om du har spørsmål vedkommande graving og framføring av kablar.

Status pr 24.06.22

Vi skal ha ein siste runde i feltet for å levere kundar som er klare for det. Har du fått fiberrøyr fram til huset ditt og er klar for leveranse, ta kontakt. Det står igjen noko oppussinga av grøfter etter gravinga i fjor haust. Dette blir tatt når det blir ein periode med stabilt godt ver.

Status pr. 29.04.22

Vi har førebels avslutta aktiviteten i feltet. Det gjenstår leveranse til nokre få kundar. Her ventar vi på tilbakemelding frå den enkelte om dei er klare. Er du klar for leveranse, ta kontakt med Øyvind Årdal på telefon 90256711. Grave-entreprenøren kjem elles tilbake i feltet tidleg i mai, for å pusse opp og så i grøfter m.m.

Status pr. 25.03.22

Det pågår leveranse av kundar no, ca. 50 stk. er på nett. Alle som er klare med eigengraving til fiberrøyret blir levert før påske.

Status pr. 22.02.22

Det pågår framleis arbeid med skøyting av kablane mellom skåpa. Etter å ha venta lenge på roleg ver, fekk vi i førre veke lagt sjøkablane. Skøytearbeid og klargjering av desse vil også skje neste veke. I veke 9 startar leveransen til kundane, og vi reknar med å bruke 3 veker på dette.

Alle som har bestilt vil bli kontakta om avtale av installasjon. Ver bra å svare når det ringer frå nummer 90256711.

Status pr. 10.01.22

Fiberentreprenøren vår, Fokus Infranett, startar arbeidet i feltet måndag 17. januar. Dei 3 første vekene vil det pågå arbeid med skøyting av alle kablane, og i midten av februar reknar vi med å starte kundeleveransane. Elles så held vi på med å rigge oss for å legge sjøkablane i anlegget, og er veret gunstig vil desse vere i sjøen i løpet av januar.

Status pr. 09.12.21

Dei siste vekene har det vore lite aktivitet i feltet. Vi arbeider no med å føre fram kabel til kundane, slik at fiberentreprenør kan starte leveransar. Fiberentreprenør vil vere «Fokus Infranett». Dei startar arbeidet i feltet rett over nyttår. Dei vil først skøyte saman kablane mellom skåpa, før dei startar leveransar av kundane. Dei første kundane vil bli leverte i månadsskiftet januar/februar.

Status pr. 04.11.21

Graveentreprenøren vår er så godt som ferdig med gravearbeidet, og også snart ferdig med å blåse kablar mellom skåpa. Dei vil deretter starte å blåse kablar til kundane. Då er det viktig at du som kunde sørger for å grave røyret som er lagt på tomtegrensa di, fram til husvegg. Slik situasjonen no ser ut, vil vi kunne levere dei første kundane rett over nyttår.

Status pr. 11.10.21

Vi rundar av gravinga i feltet og startar med «mikro-trenching» denne veka, dvs. skjering i asfalt i samband med vegkryssingar. Det som vidare vil skje er at fiberkablane blir blåst inn i røyra og lagt klare i skåp og kummar rundt om.

Status per 13.09.21

Graving av fibergrøfter er godt i gang, og det er stor aktivitet i feltet. Vi håpar at dette skjer til minst mogeleg ulempe for oppsittarane. Etter kvart som ein arbeider seg framover, vil vi legge fiberrøyret til huset ditt igjen ved tomtegrensa. Vi ber om at du så snart som mogeleg grev dette inn til husveggen din.

Om du ønsker at grave-entreprenøren vår (GS-Maskin AS) skal grave dette for deg, kan dei tilby dette for kr 3750,- (inntil 50 m).

Status per 25.06.21

Det blir arbeidd med å skaffe løyver og førebu oppstarten.