Fiber i Dalsfjorden

Enivest held på å bygge eit nytt TV- og breibandsnett basert på fiberteknologi. Under finn du informasjon om framdrift i utbyggingsprosjektet.

Klikk her for meir fiberinfo

Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging i Dalsfjorden og områda Kleppe til Laukeland og Nistad til Strandenes.

Enivest gleder seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi samfunnet vårt.

Dette prosjektet er delt inn i to delar.

Del 1: I denne delen skal det gjennomførast gravearbeid, legging av røyr, trekking av kablar og montering av skåp.
Del 2: I denne delen av prosjektet skal det gjennomførast skøytearbeid og kundeleveransar. Val av entreprenør for denne delen er endå ikkje gjort.

Graveentreprenør: GS-Maskin AS
Prosjektleiar: Helge Sandvik
Oppstart av arbeid i feltet: Q1-2022
Fibermontør: Ikkje valt pr. no
Kundeinstallasjonar: Planlagt Q2/Q3-2022

All kabel vil bli lagt i røyr som er gravd ned i bakken, og du som kunde må grave ned røyr for huset ditt på eigen eigedom. Graveentreprenøren vår vil legge att røyrkveil på tomtegrensa di. GS-Maskin AS kan tilby å grave frå tomtegrense til husvegg (inntil 50 meter) for kr 3.750,- inkl mva. For gravelengder over 50 meter blir pris gitt på førespurnad.

Ta kontakt med GS-Maskin AS om du har spørsmål vedk. graving, tlf. 46 70 89 09 / E-post: kunde@gs-maskin.no (telefonar blir svarte på dagtid i tidsrommet 08:00-16:00).

Status pr. 16.06.22

GS-maskin er ferdige med alt av gravearbeid som skal gjerast no. Fristen for å utføre eigeninnsatsen med graving på eiga tomt er satt til 04.07, og GS-maskin går i gang med å avklare med kundane om dette arbeidet er gjort. Deretter og så snart råd, vil dei starte opp med blåsing av fiberen.

Status pr. 11.03.22

Vi kjem attende med dato for vidare framdrift og oppstart av kundeinstallasjonar når Del 1 av prosjektet er utført.

Status pr. 18.02.22

Prosjektet er under planlegging og synfaring i området er utført. Arbeid med innhenting av nødvendige løyver vil snart starte og blir gjennomført av graveentreprenøren. Oppstart av graving skjer så snart det blir mogeleg, når vinteren slepp taket. Meir informasjon kjem etter kvart.