Fiber til grendene ved Førdefjorden

Enivest held på å bygge eit nytt TV- og breibandsnett basert på fiberteknologi. Under finn du informasjon om framdrift i utbyggingsprosjektet.

Klikk her for meir fiberinfo

Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging i grendene ved Førdefjorden i Askvoll kommune.

Enivest gledar seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi samfunnet vårt.

Dette prosjektet er delt inn i to delar.

Del 1: I denne delen skal det gjennomførast gravearbeid, legging av røyr, trekking av kablar og montering av skåp.
Del 2: I denne delen av prosjektet skal det gjennomførast skøytearbeid og kundeleveransar.

Enivest har inngått avtale med GS-Maskin AS om del 1 av prosjektet. Val av entreprenør for arbeidet i del 2, er ikkje gjort enno.

Hovud- og graveentreprenør: GS-Maskin AS
Fiberentreprenør/kundeinstallasjon: Fokus Infranett
Oppstart av arbeid i feltet: 01.07.2021
Oppstart kundeinstallasjon: 30.10.2021 (estimert)

Kontaktperson i GS-Maskin er Terje Pettersen, tlf. 46 70 89 09 (kl. 08:00-16:00) / kunde@gs-maskin.no. Ta kontakt med han om du har spørsmål vedkommande graving og framføring av kablar.

Status pr. 10.01.22

Vi arbeider med å klargjere nettet for leveransane til kundane i austre del av feltet (Skorva, Gjelsvik, Kvammen og Leknes). Går det som planlagt startar vi installasjonane hos kundane kommande torsdag. Det er forventa at i løpet av 4 veker er alle leverte.

Status pr. 09.12.21

Flokenes: Alle kundar som vi kan installere, er på nett. Det gjenstår 5-6 kundar som blir leverte seinare i vinter, når eigeninnsats er gjort.

Indre del (Gjelsvik-Kvammen-Leknes):
Det blir arbeidd med å skøyte saman kablane mellom skåpa og gjere klart for kundeleveransar. Det blir ikkje levert kundar i denne delen av feltet i år. Vi reknar med at dette kjem i gang rett over nyttår og at alle som kan leverast, blir leverte i løpet av januar.

Status pr. 08.11.21

Fokus Infranett er valt som fiberentreprenør og vil utføre kundeinstallasjonane. Dei startar med levering neste måndag, altså 15. november. Planen er å fullføre i år, dersom kundar har utført eigeninnsatsen med graving fram til huset. Minner om at det er viktig å få dette gjort snarast.

Status pr. 03.11.21

Grunna mykje dårleg ver siste vekene, har vi ikkje kunne fullføre gravinga. Det som gjenstår er grovt sett Skorve-området. Alle kablar mellom skåpa er no på plass, og vi har starta blåsing av kabel ut til kundane. Her ser vi at veldig mange ikkje har gjort eigeninnsatsen! Vi må difor forlate området og gå vidare. Vi vil ta ein runde til i løpet av 14 dagar, og får vi ikkje blåst kabel fram til huset ditt då, blir leveransen lagt på vent. Det er difor viktig at du får gjort dette no.

Når det gjeld fullføring av leveransen er planen å starte leveranse i Flokenes-området i månadsskiftet nov./des. Vi vil så flytte austover og starte leveranse her rett over nyttår.

Status pr. 11.10.21

Med unntak av området Skorve er gravinga ferdig. Det same gjeld for trenching/kryssing av vegane. Det pågår no blåsing/trekking av kablar i røyra. Når det gjeld sjøkablane, arbeider vi endå med å få alle løyver på plass.

Status pr. 13.09.21

Trenching pågår, og dette arbeidet blir ferdig denne veka. Vi reknar med å starte kundeinstallasjonane etter oppsett plan.

Status per 01.09.21

Etter at vi starta graving av fibergrøfter tidleg i juli, har det vore stor aktivitet i feltet. Pr. no er ca. 22 km grøfter gravd! Vi nærmar oss slutten på denne delen av prosjektet, og reknar med å vere heilt ferdige med dette om ca. 3 veker.

Denne veka startar vi også «mikro-trenching», dvs. skjering i asfalt i samband med vegkryssingar. Vi får då kopla saman alle fiberrøyra. Dette vil pågå dei neste 2 vekene.

Det er no viktig at du som kunde grev ned fiberrøyret som er lagt på tomtegrensa di, inn til husvegg, slik at også kundekablane kan bli ført fram.

Det som vidare vil skje er at fiberkablane blir blåst inn i røyra og lagt klare i skåp og kummar rundt om. I løpet av september reknar vi med at dette er gjort.

Så snart vi har alle løyver på plass, skal det leggast sjøkablar på strekningane Flokenes-Skorve og Skorve-Hegrenes. Dette vil binde saman dei ulike grendene i feltet.

Når alt dette er gjort, vil vi skøyte saman kablane og starte leveransen av kundane. Slik det ser ut no, vil dei første kundane vere på nett i slutten av oktober. Dette vil først skje i Flokenes-området.

Status per 24.06.21

Det blir arbeidd med å skaffe løyver og førebu oppstarten.