Målsetjinga er å levere ei endå betre teneste til kundane våre!

Eigarane av dei tre fiberselskapa Enivest AS, Eviny Breiband AS og Tafjord Connect AS har inngått ein avtale om å starte fusjonsforhandlingar. Målsetjinga er å bygge eit nytt sterkt fiberselskap på Vestlandet, slik at vi kan levere endå betre tenester til kundane våre.

Ved ein eventuell fusjon vil det nye selskapet ha kring 50.000 kundar og ein større kapitalbase som gir auka konkurransekraft. Eit større fiberselskap på Vestlandet vil såleis ha positiv betydning for alle våre eksisterande og nye kundar. Dei tenestene Enivest leverer i dag kjem vi til å fortsetje å gi, og vi ønsker å fortsetje det utbyggingstempoet vi allereie har. Det er ei tydeleg målsetjing ved ein eventuell fusjon at kundane våre skal få endå betre opplevingar, og eit endå betre tenestetilbod framover.

Målsetjinga er å bruke 2022 til å utgreie grunnlaget for ein fusjon. Er grunnlaget til stades vil det nye selskapet kunne vere i drift frå tidleg neste år.

Fram til det eventuelt blir vedteke å fusjonere selskapa, vil drifta i dei tre selskapa gå som normalt. Ingen kundar vil bli påverka av utgreiingsarbeidet, og vi vil halde dykk løpande orientert.