Fiber i Hagefjorden

Enivest held på å bygge eit nytt TV- og breibandsnett basert på fiberteknologi. Under finn du informasjon om framdrift i utbyggingsprosjektet.

Klikk her for meir fiberinfo

Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging i Hagefjorden.

Enivest gleder seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi samfunnet vårt.

Graveentreprenør: GS-Maskin AS
Prosjektleiar: Helge Sandvik
Oppstart av arbeid i feltet: Q1-2022
Fibermontør: Fokus Infranett
Kundeinstallasjonar: 25.04.2022 - 27.05.2022

Ta kontakt med GS-Maskin om du har spørsmål vedkommande graving og framføring av kablar, mobil: 46 70 89 09 / e-post: kunde@gs-maskin.no. Telefon blir svart på i tidsrommet må.-fr. kl. 08:00-16:00.

Status pr. 24.05.22

Det er planlagt levering av resterande kundar og ferdigstilling av feltet denne veka.

Status pr. 13.05.22

Vi er godt i gang med kundeleveransane, og fibermontør vil komme tilbake etter 17. mai for å levere resterande kundar.

Status pr. 22.04.22

Det nærma seg endeleg oppstart for levering av internett til Hagefjorden, og vi planlegg å starte førstkomande måndag. Det er Fokus Infranett som skal utføre kundeoppkoplingane, og dei vil kontakte deg for å avtale tid til installasjon. Dersom du ikkje allereie har utført eigeninnsatsen eller har klarlagt innføringsveg, så ber vi om at dette blir gjort innan utgangen av neste veke. Vi håpar du ser fram til å få tipp, topp moderne fibernett til bustaden din.

Status pr. 17.11.21

Fibertilførsel er ferdig lagt via sjøkabel til områda Sandvika, Gylta og Vaulen. Arbeid med innhenting av nødvendige løyver pågår og blir gjennomført av graveentreprenør. Meir informasjon kjem etter kvart.