Fiber i Hennebygda-Lote

Enivest held på å bygge eit nytt TV- og breibandsnett basert på fiberteknologi. Under finn du informasjon om framdrift i utbyggingsprosjektet.

Klikk her for meir fiberinfo

Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging i Hennebygda og Lote.

Enivest gleder seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi samfunnet vårt.

Dette prosjektet er delt inn i to delar.

Del 1: I denne delen skal det gjennomførast gravearbeid, legging av sjøkabel, montering av skåp/kum, legging av røyr og blåsing av fiberkabel i aksessnettet.
Del 2: I denne delen av prosjektet skal det gjennomførast skøytearbeid og kundeleveransar.

Enivest har inngått avtale med GS-Maskin AS om del 1 av prosjektet, medan OneCo Networks AS skal utføre arbeidet i del 2, for begge områda.

Hovud- og graveentreprenør: GS-maskin AS
Fiberentreprenør/kundeinstallasjon: OneCo Networks AS
Oppstart av arbeid i feltet (Lote): 01.12.2021
Kundeinstallasjon (Lote): 15.05.2022 - 15.06.2022
Oppstart av arbeid i feltet (Hennebygda): Veke 21
Planlagt ferdigstilling (Hennebygda): 17.06.2022

Kontaktperson er Terje Pettersen i GS-Maskin, tlf. 46 70 89 09 (kl. 08:00 - 16:00) / kunde@gs-maskin.no. Ta kontakt med han om du har spørsmål vedkommande graving og framføring av kablar.

Kontaktperson for oppkopling av fiber er Bjørn-Atle Elde i OneCo Networks AS, tlf. 90 21 27 81.

Status pr. 23.06.22

Grunnarbeidet i feltet er ferdig (graving, trench og blåsing av fiberkablar) med unntak av liming av trench. Dette arbeidet vert utført innan 2 veker. Vi hadde planlagt driftsetting av noden denne veka, men dette er utsett til starten av neste veke. Så snart dette er klart vil alle som har bestilt fiber, få tilsendt link frå montør der ein tingar time for levering av fiber til heimen.

Status pr. 02.06.22

Hennebygda: Det gjenstår nokre kundar som ikkje har utført eigeninnsatsen med graving av røyr fram til husveggen. Vi har prøvd å utsette fristen og har forskyve utbygginga noko. Men, minner om at eigeninnsatsen må gjerast så snart råd. Fibermontøren startar med oppkopling veke 23, og jobbar deretter effektivt i feltet.

Status pr. 25.05.22

Lote: OneCo Networks er godt i gang med arbeidet på Lote. Denne veka vil dei blåse ferdig kundekablar, før kundeinstallasjonar startar neste veke (veke 22).

Status pr. 16.05.22

Hennebygda: OneCo Networks AS er valt som fiberentreprenør, og planen er å starte med skøytearbeid av stamnettet og hovudtrasèane i veke 21. Målet er å vere ferdige med mesteparten av kundeleveransane i midten av juni.

Status pr. 03.05.22

Hennebygda: GS-maskin er ferdige med alt av gravearbeid som skal gjerast no. Fristen for å utføre eigeninnsatsen med graving på eiga tomt er gått ut, og GS-maskin går i gang med å avklare med kundane om dette arbeidet er gjort. Deretter og så snart råd, vil dei starte opp med blåsing av fiberen.

Status pr. 02.05.22

Lote: Fiberarbeidet i feltet er påbegynt.

Status pr. 26.04.22

Hennebygda: Vi er i gang med å hente inn pristilbod frå fleire fiberentreprenørar, og fristen for å sende oss tilbod går ut denne veka. Når det gjeld graving, så gjenstår det noko småarbeid som er planlagt ferdigstilt i løpet av veke 17. Det er viktig at du som kunde grev ned fiberrøyret som er lagt på tomtegrensa di, slik at kundekablane kan bli ført fram. Fristen for eigeninnsatsen med graving er sett til 01.05.2022. Informasjon om dette skal du også ha fått tilsendt på SMS i starten av april.

Status pr. 23.03.22

Gravinga er i godt gang i Hennebygda, og vi ser føre oss å vere ferdige med dette arbeidet i løpet av 4-5 veker. Fiberentreprenør som skal utføre del 2 i feltet, er ikkje valt endå. Slik det ser ut no, blir det kundeleveransar mot slutten av Q2 2022.

Status pr. 17.03.22

Hennebygda: GS-Maskin AS vil starte med gravearbeidet i området denne veka, og det arbeidet vil halde på ei stund framover. Deretter blir det legging av røyr og fiberkablar, før vi kan sende prosjektet videre til fiberentreprenør som skal gjennomføre del 2 av prosjektet. Vi kjem tilbake med utfyllande informasjon når vi har valt fiberentreprenør for utbygginga.

Status pr. 28.02.22

Grunna uforutsette hendingar i forbindelse med utbygging av Fiber på Lote, så er kundeleveransane noko forseinka. Vi arbeider med løysing og kjem med meir informasjon innan kort tid.

Når det gjeld Hennebygda, så har vi ikkje starta graving her på grunn av dårlege verforhold med mykje snø og nedbør. Så snart vertilhøva tillet det, vil graveentreprenøren starte koordinering av gravearbeidet.

Status pr. 03.12.21

GS Maskin har starta på gravearbeidet i Lote. Det er ikkje planlagt å gjennomføre kundeleveranser i området i år. Oppstart graving i Hennebygda blir i starten av 2022, forutsett at det er graveforhold.

Status pr. 11.10.21

Det blir arbeidd med å skaffe løyver og førebu oppstarten. Meir informasjon kjem etter kvart.