Fiber på Holmøyane

Enivest held på å bygge eit nytt TV- og breibandsnett basert på fiberteknologi. Under finn du informasjon om framdrift i utbyggingsprosjektet.

Klikk her for meir fiberinfo

Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging i Holmøyane.

Enivest gleder seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi samfunnet vårt.

Dette prosjektet er delt inn i to delar.

Del 1: I denne delen skal det gjennomførast gravearbeid, legging av sjøkabel, montering av skåp/kum, legging av røyr og blåsing av fiberkabel i aksessnettet.
Del 2: I denne delen av prosjektet skal det gjennomførast skøytearbeid og kundeleveransar.

Enivest har inngått avtale med GS-Maskin AS om del 1 av prosjektet, medan Eviny Solutions skal utføre arbeidet i del 2.

Hovud- og graveentreprenør: GS-maskin AS
Fiberentreprenør/kundeinstallasjon: Eviny Solutions
Oppstart av arbeid i feltet: 25.04.2022
Kundeinstallasjon: Juli 2022

Kontaktperson graving: Terje Pettersen i GS-Maskin, tlf. 46 70 89 09 (kl. 08:00 - 16:00)/ kunde@gs-maskin.no. Ta kontakt med han om du har spørsmål vedkommande graving og framføring av kablar.

Kontaktperson fiberentreprenør: Geir Ole Berg i Eviny Solutions, tlf. 98 22 07 27 (08:00 - 15:30)/ geir.berg@eviny.no. Ta kontakt med han om du har spørsmål vedkommande kundeinstallasjon.

Status pr. 23.06.22

Grunnarbeidet i feltet er ferdig (graving, trench og blåsing av fiberkablar) med unntak av liming av trench. Dette arbeidet vert utført innan 2 veker. Vi er også godt i gang med skøyting av aksessnettet, så kundeleveransane vil gå som planlagt med oppkopling i juli.

Status pr. 10.06.22

Det er god framdrift i feltet, og vi ber om at dei som ikkje har utført graving på eigen tomt, gjer dette innan 15.06.22. Vidare blir det skøyting av stamnett i veke 25 og 26 og kundeoppkoplingar i løpet av juli. Fibermontørane vil ta kontakt med kvar enkelt kunde for avtale.

Status pr. 29.04.22

Graveentreprenøren er på plass i feltet, og vil først jobbe med å få oversikt over alle eksisterande røyr som går i hyttefeltet. Dei forventer å jobbe i feltet i 4 veker framover. Vi jobbar også med å innhente pris frå fiberentreprenør. Det er viktig at du som kunde utføre eigeninnsatsen med å grave ned fiberrøyret som er lagt på tomtegrensa di, slik at kundekablane kan bli ført fram når den tid kjem.

Status pr. 23.03.22

Slik det ser ut no, blir det oppstart av graving om ca. 5 veker. Graveentreprenøren vil ta ein kontroll av forholda i feltet denne veka, med tanke på snøforhold og vatn. I perioden framover mot oppstart, vil dei jobbe vidare med klargjering av arbeidet i feltet.

Status pr. 02.03.22

GS maskin er no ferdige med å skaffe dei nødvendige løyvene som trengst for oppstart av prosjektet. Så snart verforholda tillet det, vil dei starte med gravearbeidet i Hennebygda. Deretter blir Holmøyane prioritert.

Status pr. 03.12.21

Grunna manglande løyver er dette prosjektet noko forskyve. Det blir ikkje oppstart i feltet i år. Mer info. kjem så snart vi har avklart dei nødvendige løyvene.

Status per 11.10.21

Det blir arbeidd med å skaffe løyver og førebu oppstarten. Meir informasjon kjem etter kvart.