Fiber i Jarstad-Hålandsfossen - Fjaler kommune

Enivest skal bygge eit nytt TV- og breibandsnett basert på fiberteknologi. Under finn du informasjon om framdrift i utbyggingsprosjektet.

Klikk her for meir fiberinfo

Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging i Jarstad-Hålandsfossen

Enivest gleder seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi samfunnet vårt.

Dette prosjektet er delt inn i to delar.

Del 1: I denne delen skal det gjennomførast gravearbeid, legging av røyr, trekking av kablar og montering av skåp.
Del 2: I denne delen av prosjektet skal det gjennomførast skøytearbeid og kundeleveransar.

Enivest har inngått avtale med GS-Maskin AS om del 1 av prosjektet. Fiber entreprenør som skal utføre del 2, er ikkje valt på noverande tidspunkt, men det vil bli tatt ei avgjerdsle når del 1 nærmar seg ferdigstilt.

Hovud- og graveentreprenør: GS-maskin AS
Fiberentreprenør/kundeinstallasjon: Ikkje valt pr. no
Oppstart utbygging: Veke 29
Kundeinstallasjon: Ikkje satt

Status pr. 20.07.22

GS-Maskin nærmar seg oppstart av graving av grøfter i området og har starta å kontakte kundane som har bestilt i forhold til eigeninnsats med graving på eigen tomt. Dei jobbar utover sommaren.
Kundeleveransar er planlagt å vere ferdig levert innan utgangen av 2022. Vi kjem med konkret leveranseplan så raskt vi har valt entreprenør for kundeinstallasjon og laga ein framdriftsplan.

Status pr. 24.06.22

Vi startar opp arbeidet i området i veke 29. Det vil vere graving av grøfter som skjer først. Meir informasjon vil komme her utover sommaren.