Fiber i Kalvåg Aust

Enivest held på å bygge eit nytt TV- og breibandsnett basert på fiberteknologi. Under finn du informasjon om framdrift i utbyggingsprosjektet.

Klikk her for meir fiberinfo

Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging i Kalvåg Aust.

Enivest gleder seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi samfunnet vårt.

Dette prosjektet er delt inn i to delar.

Del 1: I denne delen skal det gjennomførast gravearbeid, legging av røyr, trekking av kablar og montering av skåp.
Del 2: I denne delen av prosjektet skal det gjennomførast skøytearbeid og kundeleveransar.

Enivest har inngått avtale med GS-Maskin AS om del 1 av prosjektet.

Hovud- og graveentreprenør: GS-Maskin AS
Fiberentreprenør: Fokus Infranett AS
Prosjektperiode del 1: Veke 5-11
Prosjektperiode del 2: Veke 24-26

Ta kontakt med GS-Maskin AS om du har spørsmål vedk. graving, tlf. 46 70 89 09 (telefonar blir svarte på dagtid i tidsrommet 08:00-16:00).

Kontaktperson for oppkopling av fiber er prosjektleiar Øyvind Årdal i Fokus Infranett AS, e-post; oyvind.ardal@fokusinfranett.no

Status pr. 07.06.22

Fokus Infranett er ferdige med å skøyte i hop heile nettet, og er klare til å starte med kundeinstallasjonar frå og med veke 24. Vi er litt forseinka med kundeleveransane i forhold til opphavleg plan, men vil ha ei god framdrift når vi no startar opp. Fokus Infranett vil ta kontakt med alle som har bestilt for å avtale dato for installasjon. Dei vil gjere dette fortløpande, samtidig som dei koplar opp alle bestillingane.

Status pr. 03.05.22

Oppstart av «Del 2» i utbygginga er planlagt å starte denne veka, og Fokus Infranett er valt som entreprenør. Dei første vekene blir nytta til å skøyte i hop heile det nye nettet, og deretter startar vi med kundeinstallasjonar. Dersom vi møter på uventa utfordringar i arbeidet, vil vi varsle med endring av framdriftsplanen på nettsida her.

Fokus Infranett vil ta kontakt med kvar enkelt kunde for å avtale tid for installasjon når dette nærmer seg.

Status pr. 11.03.22

Oppstart av «Del 2» i utbygginga av Kalvåg Aust er snart i gang, og vi er i dialog med fiberentreprenør. Arbeidet i første omgang, inneber å skøyte i hop heile nettet vi har lagt, for deretter å kople opp alle som har bestilt. For dette arbeidet er vi avhengige av at du som kunde, har utført eigeninnsatsen med graving frå tomtegrensa til husveggen din. Dersom du ikkje allereie har utført eigeninnsatsen eller har klarlagt innføringsveg, så ber vi om at dette blir gjort innan 21.03.2022.

Har du spørsmål til graving på eiga tomt, kvar du skal grave frå, eller treng meir røyr, ta kontakt med GS-Maskin på kontaktnummeret over.

Vi kjem tilbake med oppdatert informasjon når eksakt utbyggingsperiode for installasjonar er avklart.

Status pr. 21.02.22

Graveentreprenøren vår GS-Maskin AS, er godt i gang med gravearbeidet i området. Dei ber oss minne alle som har fått kunderøyr (kveil med oransje røyr) i tomtegrensa, om å grave dette inn til bustaden. Har du endå ikkje fått kunderøyr i tomtegrensa, eller har andre spørsmål knytta til graving på eiga tomt, ta kontakt med GS-Maskin.

Vi kjem tilbake med utfyllande informasjon når vi har valt fiberentreprenør for utbygginga.

Status pr. 03.11.21

Det blir arbeidd med å skaffe løyver og førebu oppstarten. Meir informasjon kjem etter kvart.