Fiber på Novelandet - Kalvåg

Enivest skal bygge eit nytt TV- og breibandsnett basert på fiberteknologi. Under finn du informasjon om framdrift i utbyggingsprosjektet.

Klikk her for meir fiberinfo

Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging på Novelandet.

Enivest gleder seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi samfunnet vårt.

Dette prosjektet er delt inn i to delar.

Del 1: I denne delen skal det gjennomførast gravearbeid, legging av røyr, trekking av kablar og montering av skåp.
Del 2: I denne delen av prosjektet skal det gjennomførast skøytearbeid og kundeleveransar.

Enivest har inngått avtale med GS-Maskin AS om del 1 av prosjektet. Ta kontakt med dei om du har spørsmål vedk. graving, tlf. 46 70 89 09 (telefonar blir svarte på dagtid i tidsrommet 08:00-16:00).

Hovud- og graveentreprenør: GS-Maskin AS
Fiberentreprenør: Ikkje valt
Prosjektperiode del 1: Veke 24-27
Prosjektperiode del 2: Ikkje satt

Status pr. 14.06.22

Graveentreprenøren vår GS-Maskin AS, er godt i gang med gravearbeidet i området. Har du endå ikkje fått kunderøyr i tomtegrensa, eller har andre spørsmål knytt til graving på eiga tomt, så ta kontakt med GS-Maskin.

Vi kjem tilbake med utfyllande informasjon når vi har valt fiberentreprenør for utbygginga.

Status pr. 22.04.22

Det blir arbeidd med å skaffe løyver og førebu oppstarten. Meir informasjon kjem etter kvart.