Generelle leveransevilkår for bedrifter - Elektroniske kommunikasjonstenester Gjeld frå 17.04.2020

Alle kundar av Enivest AS må rette seg etter desse leveransevilkåra og seinare oppdateringar av vilkåra på enivest.no (samla, Avtalen). Kunden si avtale med Enivest omfattar desse generelle leveransevilkår og særskilde avtale- og tenestevilkår. I tilfelle av motstrid gjeld særskilde vilkår framfor generelle vilkår.

1. Generelt

a) Avtalen gjeld for elektroniske kommunikasjonstenester (Tenesta) som blir levert av Enivest AS (Enivest/vi/oss) til bedrift som er sluttbrukar (bedrifta/kunden). Avtalen gjeld uansett om internettsamband er levert over fiber, xDSL, radio eller annan teknologi.
b) Tenesta kunden skal ha er merka av på bestillingsskjema eller avtalt på anna vis. Det nærare innhaldet av Tenesta går fram av produktark, ordrestadfesting frå Enivest og/eller på internettsidene våre (enivest.no).
c) Avtalen gjeld også for tilleggstenester som kunden bestiller frå Enivest. For tilleggstenester gjeld også særskilte vilkår. Sjå separate vilkår.
d) Det er ein føresetnad for tilgang til Tenesta at kunden har avtale om tilknyting med Enivest, at avtala ikkje er misleghalden og at det føreligg kapasitet og tilgang til å levere Tenesta. Om det ikkje er kapasitet eller tilgang, eller slik ikkje kan skaffast utan særleg stor kostnad, er Enivest fri frå Avtalen.
e) Vårt ansvar for Tenesta omfattar linja frå vår sentral fram til og med ruter hos bedrifta levert av Enivest.

2. Personvern og kommunikasjon

Enivest handsamar kunden sine personopplysningar, inkludert trafikkdata og signaleringsdata nytta til overføring av data. For kundeadministrasjon, fakturering og anna gjennomføring av Avtalen handsamar vi også namn og telefonnummer til kontaktpersonar hos bedrifta, adresse, e-postadresse, IP-adresse og gards- og bruksnummer. Datahandsaminga skjer i samsvar med våre til ei kvar tid gjeldande retningslinjer for datahandsaming og databehandlaravtale, og med lovgrunnlag. Retningslinjene finn bedrifta på enivest.no/personvern.

I eit eige samtykke står kva for marknadføring Enivest kan gjere overfor bedrifta og den sine representantar om nye tenester og produkt. Sjå enivest.no/personvern.

3. Ansvar ved bestilling

a) Enivest kan foreta kredittvurdering av bedrifta. Basert på kredittvurdering kan Enivest avslå avtale om levering, krevje endring av Tenesta, eller krevje førehandsbetaling før levering av Tenesta.
b) Bestilling av abonnement og tenester via internett, skriftleg eller på telefon med Enivest eller ein av Enivest sine forhandlarar, blir rekna som ein aksept av Avtalen. Dersom bedrifta tar i bruk tenester frå Enivest utan at det er inngått nokon avtale, vil dette bli sett på som ein aksept av vilkåra som gjeld tenesta.
c) Personar som på vegne av kunden inngår avtaler med Enivest må ha gyldig fullmakt. I tillegg skal kunden utpeike ein kontaktperson som skal identifiserast med fødselsdato og som må vere tilsett hos kunden, med mindre anna kan dokumenterast gjennom gyldig fullmakt frå kunden. Kunden skal gje opp eit telefonnummer og e-postadresse som kontaktpersonen kan nåast på, til dømes i forbindelse med varsling av endringar. Enivest legg til grunn at kunden sin kontaktperson har fullmakt til å administrere avtaleforholdet, mellom anna til å bestille og endre tenester, abonnement og bindingstid for alle brukarar og/eller aksessar registrert på kunden. Enivest føresett vidare at kunden sine brukarar har fullmakt til å foreta bestillingar og endringar knytt til eigne abonnement og tenester. Kunden er ansvarleg for bruk og betaling av Tenester. Ansvaret omfattar også andre sin bruk av Tenesta, inkludert vedkommande sin bruk, såframt det ikkje kan påvisast at slik bruk er gjort mogleg gjennom aktløyse frå Enivest si side. Ved tap, tjuveri, ugrunna tileigning av kunden sitt utstyr, kodar og passord som nyttast for tilgang til Tenesta er kunden sjølv ansvarleg for all misbruk inntil tjuveriet/tapet er meldt til Enivest.

4. Prisar, betaling og gebyr

a) Prisar for Tenesta og tilleggstenester følger av Enivest sitt produktark, bestillingsskjema eller ordrestadfesting. Alle prisar til bedriftskundar opplysast eksklusiv mva.
b) Vederlaget for Tenesta vert berekna frå det tidspunkt Enivest har aktivert Tenesta. Administrasjons- og fakturagebyr påløper etter til ei kvar tid gjeldande satsar. Sjå punktet ovanfor.
c) Betaling for abonnement forfell til betaling forskotsvis pr. kvartal, om ikkje anna er avtalt. Eventuelle seinare bestilte tenester vert innkravd ved utferding av neste faktura for Tenesta.
d) Ved manglande betaling for Tenesta eller andre produkt/tenester frå Enivest vert ubetalt faktura automatisk sendt til inkasso, og Tenesta vert stengd. For sein betaling fører til rentekostnadar i høve til ei kvar tid gjeldande forseinkingsrentelov. Tenesta vil bli opna på nytt etter at alle krav, saksomkostningar og opningsgebyr er innbetalt. Kunden får ikkje frådrag i abonnementsavgifta for den tid Tenesta har vore stengd som følge av manglande betaling.
e) Enivest kan endre prisar med ein månads varsel. E-post eller faktura med opplysning om ny pris for tenesta gjeld som varsel.
f) Pris i bindingstid er fast. Prisendring kan likevel skje innanfor avtalt bindingstid dersom offentlege skattar eller avgifter, private eller offentlege programavgifter, opphavsrettslege avgifter eller andre avgifter eller kostnader utanfor Enivest sin kontroll vert auka.
g) Alle avtalte prisar kan justerast kvart år utan varsel med endringar i konsumprisindeksen til Statistisk sentralbyrå frå januar føregåande år.

5. Bindingstid og oppseiing

a) Om ikkje anna er skriftleg avtalt gjeld 24 månaders binding for Tenesta frå første gongs levering.
b) Kunden kan endre til anna produkt mot å bli fakturert for endring til nytt produkt. Differansen i pris vil bli fakturert/kreditert på neste faktura. Ved utviding av Tenesta, gjeld ny bindingstid på 12 månader for heile Tenesta. Ved kjøp av tilleggstenester vil ikkje bindingstida for Tenesta verte overført til eventuelle tilleggstenester. Eventuell bindingstid for tilleggstenesta vert regulert av produktvilkåra.
c) Kunden kan seie opp abonnement med tre månaders skriftleg varsel rekna frå utløpet av månaden. Oppseiingsfristen startar uansett ikkje før utløpet av bindingstida. Om kunden seier opp før bindingstida er gått ut, eller flyttar til ei adresse der Tenesta ikkje kan bli levert, vert kunden belasta for vederlag og gebyr ut bindingstida etter dei til ei kvar tid gjeldande satsar.
d) Ved oppseiing av Avtalen vert ikkje etableringsgebyr refundert.

6. Hastigheit og trafikkstyring

a) Kunden får tilgang til Enivest sitt breiband med kapasitet i samsvar med ordrestadfesting, eller annan avtale mellom Enivest og kunde om tilknyting til internett.
b) Enivest kan ikkje garantere mot hastigheitsavgrensingar forårsaka av forhold utanfor Enivest sin kontroll. Enivest tar atterhald om at forhold av teknisk art i nettet kan føre til at det ikkje alltid er mogleg å levere den maksimale hastigheita som er oppgitt for Tenesta. Sidan ein del av kapasiteten vert nytta til kontrollinformasjon kan nedlastingshastigheit vere noko mindre enn oppgitt i spesifikasjonane for produktet. Overføringshastigheit utanfor Enivest sitt nett og vidare ut på internett er utanfor Enivest sin kontroll, og det må påreknast lågare hastigheit.
c) Dersom det i særskilte områder viser seg å vere problem med å oppnå den oppgjevne kapasiteten, kan Enivest foreta nødvendige endringar for å avhjelpe desse problema.
d) Enivest skal sikre at trafikkstyringa i nettet oppfyller dei krava som er fastsett i ekomlovgivinga. Enivest kan prioritere enkelte datatypar føre andre. Dette gjeld blant anna tidskritiske tenester og andre spesialiserte tenester. Enivest blokkerer trafikk etter pålegg frå myndigheitene, eller dersom trafikken inneber ein sikkerheitsrisiko for brukarane.

7. Leveranse

a) Enivest skal søke, men er ikkje pliktig til, å levere samband til verksemder som har moglegheit for tilknyting til Enivest sitt fibernett. Enivest kan ikkje garantere leveranse dersom det er ytre påverknader eller lokale forhold som hindrar installasjon. Det same gjeld om kostnadane for leveransen blir uventa høg, for den enkelte kunde eller for heile området. Enivest er heller ikkje pliktig til å fortsette å levere der seinare endringar hindrar vidareføring av abonnementet. Om Tenesta ikkje kan bli levert, vil Avtalen seiast opp utan kostnad for kunden såframt kunden ikkje er ansvarleg for dette sjølv. Sjå pkt. 3 og 4.
b) Dersom det oppstår tekniske problem med leveranse eller overføring av abonnement, og Enivest med rimelege midlar ikkje kan utbetre problema, kan Enivest seie opp Avtalen. Ved oppseiing frå Enivest grunna manglande moglegheit til leveranse av bestilt produkt, vert kunden ikkje fakturert.
c) Kunden må underrette Enivest om manglar ved Tenesta innan 14 dagar etter at han oppdaga problema. Dersom meldinga kjem etter dette og Tenesta ikkje kan bli levert, er kunden pliktig til å betale abonnement fram til kunden underrettar Enivest om manglane.
d) Leveransetid på kvar enkelt teneste vert avtalt særskilt mellom Enivest og kunden. Spesielle forhold på linja, manglande montørressursar hos underleverandør, arbeid i noden, og anna som er utanfor Enivest sin kontroll kan i enkelte tilfelle føre til lengre leveringstid. Avtalt tid er å sjå som estimert og ikkje garantert tidspunkt.
e) Enivest sitt utstyr skal monterast av Enivest eller av Enivest sine underleverandørar. Montør må ha fri tilgang til tilknytingspunktet. Enivest har full rett til nødvendige installasjonar og linjeføring på, i og gjennom kunden sin eigedom. Montøren tar direkte kontakt med kunden for å avtale tid for montering.
f) Kunden skal informerast før inngrep på eigedommen blir gjort og har rett til å uttale seg før installasjonen blir gjennomført. Dersom kunden ønsker annan installasjon enn den som er teknisk mogleg eller hensiktsmessig for Enivest, kan Enivest krevje at kunden dekker tilleggskostnadane. Kunden kan ikkje krevje kompensasjon for ulemper etter montering eller demontering av utstyret. Kunden må sjølv koste framføring og levering av straum (230V), der dette er nødvendig for installasjonen.
g) Arbeid utover montering av ruter eller anna nødvendig kundeutstyr er ikkje inkludert i monteringa og må avtalast direkte mellom kunden og montør, og vert belasta kunden.
h) Enivest har rett til å framføre luft- eller jordkabel for sitt kabelnett fram til andre brukarar eller eigedommar frå, under og/eller over kunden sin eigedom og bygningar, om framføringa ikkje er til vesentleg ulempe. Det same gjeld tilgang til eigedom og bygningar for å utføre service og vedlikehald på kabelnettet. Enivest må om mogeleg varsle kunden i rimeleg tid før arbeid tar til. Enivest skal, så langt det er rimeleg, følge kunden sitt ønske med omsyn til framføringa og istandsetting av areala etter slik framføring. Rett til kabelføring og tilgang for service og vedlikehald følger eigedommen, og skal bestå sjølv om kundeforholdet mellom kunden og Enivest blir avslutta.

8. Endring og flytting av kundeforhold

a) Kunden kan ikkje overdra Avtalen eller kundeforholdet utan skriftleg godkjenning frå Enivest.
b) Adresseendring og andre endringar som verkar inn på kundeforholdet, må meldast til Enivest så snart som mogleg. Dersom endring ikkje vert meldt, er kunden ansvarleg for tap som måtte oppstå som følge av feiladressert post eller andre meldingar frå Enivest.
c) Dersom kunden flyttar til ei adresse innanfor Enivest sitt dekningsområde, kan kunden få flytta sambandet mot å betale flyttegebyr. Flytting kan føre med seg ny bindingstid. Dersom den nye adressa er utanfor Enivest sitt dekningsområde eller det ikkje er tilknytt fiber til adressa, er Enivest ikkje forplikta å flytte sambandet, og det kan bli rekna som ei oppseiing. Sjå pkt. 5. Flytting kan medføre endra vederlag. Flytting må meldast i god tid for at Enivest kan få utført jobben til ønskt tid. Det må reknast like lang leveringstid ved flytting som ved nyleveranse. Kunden kan ikkje krevje frådrag i fastavgift for den tida Tenesta er utilgjengeleg som følge av flytting.

9. Eigarforhold og ansvar for utstyr

a) Enivest har eigedomsrett til alle faste og lause installasjonar som Enivest monterer i nettet og til utstyr som blir plassert ute hos kunden.
b) Utstyr frå Enivest som vert plassert hos kunden, skal berre nyttast på den adressa som er oppgitt ved inngåing av Avtalen. Utstyret kan ikkje seljast eller lånast ut til andre, eller gjerast inngrep i.
c) Kunden skal berre nytte det utstyr eller andre komponentar som Enivest plasserer ute hos kunden. Kunden er pliktig å gi Enivest tilgang til einingar som inngår i nettet og som er Enivest eller underleverandør sin eigedom. Kunden er sjølv ansvarleg for alt tele- og datautstyr som i tillegg til utstyret frå Enivest er nødvendig for å nytte Tenesta.
d) Kunden er økonomisk ansvarleg for skader han påfører Enivest sin eigedom, forsettleg eller aktlaust. Tap eller skade på utstyr som følge av til dømes tjuveri, lynnedslag, fysisk skade og anna, skal dekkast av kunden.
e) Dersom kunden gjer endringar på konfigurasjonen av Enivest sitt utstyr, som medfører at kunden ikkje kjem på nett og Enivest må konfigurere utstyret på nytt, vil kunden bli fakturert for dette. Kunden må sjølv dekke kostnader med å få levert utstyr til Enivest sitt kontor. Kunden kan ikkje krevje refusjon av betalt abonnement for den tida kunden ikkje har tilgang til Tenesta på grunn av dette.
f) Ved avslutning av kundeforholdet er Kunden ansvarleg for å kople ned og returnere alt utstyr som er plassert ut av Enivest. Kabel inn til eigedom og veggoppheng (”fiberhus”) eller mediakonverter skal ikkje demonterast eller flyttast, men skal verte ståande, også etter avslutta kundeforhold.
g) Utstyr skal sendast til Enivest AS, Firdavegen 5, 6800 Førde og merkast med kundenummer og namn. Ved tilbakeføring av utstyr til Enivest skal dette vere i den stand det var i ved levering, med unntak for vanleg slit og elde.
h) Transport av utstyr til service, reparasjon, oppgradering eller innbytte er Kunden sitt ansvar, også om nye tekniske standardar eller krav gjer det nødvendig å oppgradere eller bytte ut utstyret. Ved oppseiing, heving eller anna opphøyr av Avtalen skal utstyret straks bli levert tilbake til Enivest.
i) Dersom kundeutstyr ikkje er levert tilbake til Enivest komplett og i god stand innan 30 dagar etter at kundeforholdet er avslutta, vil kunden bli fakturert ut frå dei til ei kvar tid gjeldande prisar og gebyr for behandling og purring, samt nyverdien av utstyret. Kunden kan ikkje krevje kompensasjon for ulempe etter montering eller demontering av utstyr, jf. pkt. 4.

10. Feil eller manglar ved Tenesta. Brukarstøtte

a) Enivest vil kunne hjelpe kunden med teknisk brukarstøtte i normal arbeidstid. For kundar med SLA-avtale gjeld eigne vilkår.
b) Avvik i tenestekvalitet ved til dømes større eller stadige forstyrringar, stadig brot i leveransen, eller andre forhold som medfører at kunden ikkje mottar tilstrekkelege signal, vert sett på som ein mangel ved Tenesta. Dette gjeld ikkje dersom avviket skuldast kunden, nettet eller ustyret til kunden, eller andre forhold utanfor Enivest sin kontroll. Enivest kan ikkje levere betre kvalitet enn det som følger av standarden på kabelnettet og kvalitet på mottatte signal. Forstyrringar eller forringa kvalitet grunna slike forhold, er ikkje ein mangel ved Tenesta.
c) Kunden må melde frå til Enivest så snart som mogleg, etter at kunden har oppdaga feil eller manglar ved Tenesta.
d) Før feil blir meldt til Enivest skal kunden sjølv undersøke om feilen skuldast eige utstyr, som til dømes feil i straumforsyning, kablar mellom utstyret, og kablar mellom utstyr og veggkontakt.
e) Enivest kan krevje at kunden dekker kostnader som er forbundne med feilsøking som Enivest utføre eller får utført, dersom feilen viser seg å ligge utanfor Enivest sitt ansvarsområde. Sjå pkt. 1 e).
f) Reparasjonar/arbeid på nettet og/eller utstyr som er Enivest sin eigedom, må berre utførast av Enivest eller personar som Enivest har godkjent og gitt særskilt løyve. Dersom kunden på eige initiativ set i verk tiltak ovanfor tredjepart for å rette mangelen utover det som måtte vere avtalt med Enivest, er kunden ansvarleg for kostnad og eventuell skade.
g) Enivest sitt tenesteansvar (t.d. tilgjengelegheit, feilsøking og feilretting) gjeld berre for linje og utstyr som beskrive i pkt. 1 e).
h) Enivest skal snarast mogleg etter å ha blitt kjent med mangel ved Tenesta sette i verk tiltak for å rette mangelen, og utbetre mangelen utan kostnad for kunden. Ved mangel som Enivest er ansvarleg for og som gjer at Kunden ikkje kan nytte Tenesta, kan Kunden krevja eit forholdsmessig prisavslag. Prisavslaget kan ikkje under noko omstende vere høgare enn det månadlege vederlaget for Tenesta i den perioden mangelen ligg føre. Krav skal sendast skriftleg til Enivest, seinast ein månad etter at feilen blei oppdaga eller burde ha blitt oppdaga. Kunden kan uansett ikkje krevje prisavslag for manglande tilgang til Tenesta for tid som går før feilen blir meldt til Enivest. Det blir ikkje gitt frådrag i etableringsavgift, vederlag for installasjon og levering av utstyr eller andre avgifter og gebyr.
i) Enivest er ikkje ansvarleg for skade, tap, avbrot eller forstyrringar som skuldast force majeure eller andre forhold som Enivest ikkje har kontroll over, til dømes arbeidskonflikt, offentlege reguleringar, straumbrot, epidemiar, feil bruk av eller inngrep i utstyret m.m..
j) Kunden kan krevje erstatning for sitt direkte økonomiske tap som skuldast mangel ved Tenesta. Dette gjeld likevel ikkje så lenge Enivest godtgjer at mangelen skuldast hindring utanfor Enivest sin kontroll, og som Enivest ikkje med rimelegheit kunne vente å ha tatt i betraktning på avtaletidspunktet eller å unngå eller overvinne følgene av. Indirekte tap, avleia skadar/tap eller følgeskadar/-tap vert ikkje erstatta i nokon tilfelle. Indirekte tap omfattar mellom anna tapt forteneste, tapt sparing, tapt renommé, tap av data og driftstap. Enivest er heller ikkje ansvarleg for skade på bedrifta sine tilsette, tredjeperson eller gods. Ved servicebesøk er Enivest ikkje ansvarleg for tapt arbeidsforteneste, andre tap eller kostnader for kunden. Enivest sitt samla erstatningsansvar er i eitkvart tilfelle avgrensa til vederlaget for seks månader. Krav om erstatning skal sendast skriftleg til Enivest innan ein månad etter at feilen blei eller burde ha blitt oppdaga.
k) Enivest er ikkje ansvarleg for tap eller skade som direkte eller indirekte kan tilbakeførast til tredjepart, med mindre han vart innleigd av Enivest.
l) Ved vesentleg misleghald frå Enivest si side, kan kunden heve Avtalen.

11. Kunden sine rettar og plikter

a) Kunden har berre rett til å nytte abonnementet i høve til vilkåra til Enivest. Nettet til kunden må til ei kvar tid tilfredsstille gjeldande reglar, og det må ikkje koplast til utstyr som ikkje er offentleg godkjent. Kunden er ansvarleg for at sitt nett og utstyr ikkje gir forstyrringar i Enivest sitt, eller andre brukarar sine nett. Enivest kan kople frå Tenesta utan forvarsel ved forstyrringar i nettet. Kunden vert kopla til igjen når problemet er løyst.
b) Kunden er sjølv ansvarleg for at tenester som blir leverte med personlege kodar, irekna passord og PIN-kodar, ikkje vert misbrukt. Kunden må endre gitte kodar til personlege kodar straks Tenesta blir tatt i bruk. Kodar skal oppbevarast på forsvarleg vis slik at uvedkommande ikkje får tilgang til dei. Kunden må ikkje forsere elektroniske sperrer, låsar, kodar eller på annan måte forsøke å skaffe seg uberettiga tilgang til andre tenester, opplysningar, data, system eller anna som ikkje er meint for kunden.
c) Kunden er sjølv ansvarleg for den informasjonen kunden nyttar, formidlar eller spreier ved hjelp av Tenesta.
d) Kunden må ikkje bruke nettet til spreiing av datavirus, opphavsrettsleg beskytta materiale, eller til anna ulovleg materiale eller aktivitet.
e) Kunden forpliktar seg til ikkje sjølv å nytte, eller la andre nytte sin internettaksess eller andre breibandstenester frå Enivest, i strid med norsk lov.
f) Det er ikkje tillate å vidareføre signal eller formidle tenester frå Enivest sitt nett til andre. Kunden kan ikkje selje vidare eller på annan måte tilgjengeleg gjere sin kapasitet på abonnementet, og kunden kan ikkje legge opp interne nettverk slik at andre kan få tilgang til Enivest sine tenester. Brot på denne føresegna er å rekne som vesentleg misleghald.
g) Enivest vil ikkje garantere for eller støtte nokon produkt, tenester, transaksjonar eller innhald som blir distribuert eller marknadsført via Tenesta, og har ikkje noko ansvar for dette.

12. Misleghald frå kunden si side

a) Ved vesentleg misleghald av Avtalen eller andre avtalar med Enivest frå kunden si side, kan Enivest stenge Tenesta eller kople frå tilknytinga til Enivest. Slik stenging kan skje straks og utan varsel. Kunden er ansvarleg for betaling av Tenesta, sjølv om den skulle stengast grunna misleghald. Vesentleg misleghald gir også Enivest rett til å heve Avtalen.
b) Som vesentleg misleghald reknast til dømes ulovleg inngrep i eller bruk av utstyr, manglande betaling, brot på offentlege reglar, misbruk eller forsøk på misbruk av Tenesta eller reglar for Tenesta.
c) Dersom Enivest hever Avtalen som følge av vesentleg misleghald frå kunden si side, er kunden forplikta til å betale alle fakturaer frå Enivest. Det same gjeld påløpne kostnader, avgifter og gebyr som endå ikkje er fakturert, avgift og gebyr for eventuell henting av utstyr, brot på bindingstid, erstatning for utstyr, eller anna tap påført Enivest, samt eventuelle renter og inkassogebyr.
d) Etter at Tenesta er stengd eller Avtalen er heva, har Enivest rett til å nekte kunden ny avtale eller tilgang til Tenesta.

13. Endring av vilkår

Enivest kan endre abonnementsvilkåra som følger av denne Avtalen med ein månads varsel. Slike endringar blir varsla med e-post til den e-postkonto som kunden har oppgitt til Enivest. Endringane vil også gå fram av våre nettsider (www.enivest.no). Betaling for Tenesta etter at endringa er trådd i kraft, blir sett på som aksept.

14. Tenesterestriksjonar

a) Enivest har rett til, og ekomlova pålegg i nokre tilfelle Enivest, å setje i verk tiltak som kan medføre avbrot, avgrensingar, forstyrringar eller endringar i Tenesta som er nødvendige av tekniske, driftsmessige, vedlikehaldsmessige eller andre årsaker.
b) Kunden kan i slike tilfelle ikkje krevje frådrag i vederlaget. Enivest er utan ansvar for eventuelt tap eller kostnader som kunden måtte bli påført.

15. Tvisteløysing

Tvistar skal søkast løyst i minnelegheit. Klagar som går på kvaliteten på Enivest sine tenester, leveranse eller faktura kan rettast skriftleg til Enivest. Bedrifter med maksimum 10 årsverk kan klage på Enivest si avgjerd i tvistar til Brukerklagenemnda for elektronisk kommunikasjon (BKN). Klagar kan først sende inn klage til BKN etter at klagar har fått skriftleg avslag frå Enivest. Sjå www.brukerklagenemnda.no. Kvar av partane kan også bringe tvisten inn for domstolane, med Sogn og Fjordane tingrett som bindande verneting.