Fiber i Solheimsdalen - Førde

Enivest held på å bygge eit nytt TV- og breibandsnett basert på fiberteknologi. Under finn du informasjon om framdrift i utbyggingsprosjektet.

Klikk her for meir fiberinfo

Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging i Solheimsdalen.

Enivest gleder seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi samfunnet vårt.

Dette prosjektet er delt inn i to delar.

Del 1: I denne delen skal det gjennomførast gravearbeid, legging av røyr, trekking av kablar og montering av skåp.
Del 2: I denne delen av prosjektet skal det gjennomførast skøytearbeid og kundeleveransar.

Enivest har inngått avtale med GS-Maskin AS om del 1 av prosjektet, medan BKK Enotek AS skal utføre arbeidet i del 2.

Hovud- og graveentreprenør: GS-Maskin AS
Fiberentreprenør: BKK Enotek AS
Prosjektleiar: Geir-Ole Berg
Prosjektstart: Igang
Kundeleveransar: Veke 49-2021 - Veke 3-2022

Ta kontakt med BKK Enotek AS om du har spørsmål vedk. kundeinstallasjon/graving, tlf. 47 50 15 15 (telefonar blir svarte på dagtid i tidsrommet 08:00-15:00).

Status pr. 02.05.22

No er sjøkabelen komen på plass i Karstadvatnet og fiberentreprenøren vår, Eviny Solutions, har lagt ein plan for vidare arbeid. I løpet av veke 18 og 19 vil dei utføre nødvendig skøyting av all fiber og klargjere for installasjonar. Dei vil ta kontakt med alle som har bestilt for å avklare tid for installasjon, når det nærmer seg.

De som ikkje har venta på sjøkabelen, men på at snøen skal forsvinne, bør utføre eigeninnsatsen med graving i same perioden, altså innan 15. mai. Når de er klare med dette, kan de ta kontakt med Eviny Solutions for å avtale tid for installasjon.

Status pr. 20.01.22

På grunn av is på Karstadvatnet den siste tida, har vi dessverre ikkje fått lagt ned sjøkabelen som planlagt, for å kunne levere delar av feltet. Oppsett plan for installasjonar innan veke 3 vil derfor bli noko utsett, men entreprenøren vår jobbar for å få lagt kabelen i vatnet så snart veret tillet det. Når kabelen er på plass vil fiberentreprenør, Eviny Solutions, skøyte fram nødvendig fiber og ta kontakt med alle som har bestilt, for å avklare tid for installasjon.

Status pr. 22.11.21

Fiberentreprenøren vår BKK Enotek, er i gang med arbeidet i området. Den første perioden vil dei halde på med skøyting av alle kabler i området, før dei set i gang med kundeinstallasjoner parallelt med gjenståande arbeid.

Det er lagt opp til kundeinstallasjoner frå veke 49 og fram til veke 3 i 2022. Hovedtyngda av bestillinger er planlagt levert i 2021, men det vil vere nokre som blir utført rett over nyåret.

Vi minner igjen om at det er viktig å utføre graving på eigen grunn, slik at ein er klar til entreprenøren skal installere. Dersom du har spørsmål til gravinga, kan du ta kontakt med BKK Enotek på oppført nummer.

Status pr. 10.11.21

Oppstart av «Del 2» i utbygginga i Solheimsdalen er straks i gang, og valt entreprenør er BKK Enotek. Vi ventar på konkret framdriftsplan frå entreprenøren, som vil gi oss planlagt periode for kundeoppkoplingar. Vi minner om at det er svært viktig å få utført graving på eiga tomt i forkant av at fiberentreprenør startar opp arbeidet sitt. Har du spørsmål vedkommande gravinga, kan du ta direkte kontakt med BKK Enotek. Frist for å utføre graving på eigen grunn, er sett til ut veke 47. Er ikkje gravinga utført innan fristen, vil vi måtte ta igjen installasjonen hos deg på eit seinare tidspunkt enn perioden som blir oppført i framdriftsplanen.

Status pr. 11.10.21

GS Maskin er ferdig med det meste av gravinga. Det gjenstår no legging av sjøkablar, før vi kan sende prosjektet videre til fiberentreprenør.

Status per 14.06.21

Det blir arbeidd med å skaffe løyver og førebu oppstarten.