Fiber i Stavang

Enivest skal bygge eit nytt TV- og breibandsnett basert på fiberteknologi. Under finn du informasjon om framdrift i utbyggingsprosjektet.

Klikk her for meir fiberinfo

Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging i Stavang.

Enivest gleder seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi samfunnet vårt.

Dette prosjektet er delt inn i to delar.

Del 1: I denne delen skal det gjennomførast gravearbeid, legging av røyr, trekking av kablar og montering av skåp.
Del 2: I denne delen av prosjektet skal det gjennomførast skøytearbeid og kundeleveransar.

Enivest har inngått avtale med GS-Maskin AS om del 1 av prosjektet. Fiber entreprenør som skal utføre del 2, er ikkje valt på noverande tidspunkt, men det vil bli tatt ei avgjerdsle når del 1 nærmar seg ferdigstilt.

Hovud- og graveentreprenør: GS-maskin AS
Fiberentreprenør/kundeinstallasjon: Fokus Infranett AS
Oppstart av arbeid i feltet: Frå veke 3-2022 - veke 9-2022
Kundeinstallasjon: Frå veke 21

Kontaktinformasjon vedk. graving er GS-Maskin AS: Tlf. 46 70 89 09 (kl. 08:00 - 16:00) / E-post: kunde@gs-maskin.no.
Kontaktinformasjon vedk. kundeinstallasjon er Fokus Infranett: Tlf. 90 25 67 11 v/Øyvind Årdal

Status pr. 24.05.22

Utfordringane vi hadde med sambandet til sentralen er no løyst, og sentralen er på nett. Det betyr at vi kan starte med installasjonar denne veka. Entreprenør Fokus Infranett, vil ta kontakt med kvar enkelt kunde for å avtale dato for installasjon. Dette gjer dei fortløpande, samtidig som dei koplar opp alle bestillingar.

Status pr. 16.05.22

Ifølge tidlegare oppsett plan, skulle vi ha vore i gang med kundeoppkoplingar i desse dagar. Dessverre har vi støtt på nokre utfordringar med sambandet til sentralen for området, som vi jobbar med å løyse no. Vi vil oppdatere nettsida her med ny periode for installasjonar, så snart vi har fått avklart endeleg igangsetting av sentralen. Fiberentreprenøren har skøytt i hop alt av aksessnett, så når sentralen er klar vil installasjonane gå fortløpande, for alle som er ferdige med eigeninnsatsen.

Status pr. 20.04.22

Vi har støtt på nokre for­seinkingar i framdrifta og må derfor justere tid for kundeoppkopling. Fokus Infranett vil ta kontakt med kvar enkelt kunde for å avtale tid for installasjon når dette nærmer seg.

Status pr. 01.04.22

Oppstart av «Del 2» i utbygginga er planlagt å starte neste veke, og Fokus Infranett er valt som entreprenør. Dei første vekene blir nytta til å skøyte i hop heile det nye nettet, og deretter startar vi med kundeinstallasjonar. Dersom vi møter på uventa utfordringar i arbeidet, vil vi varsle med endring av framdriftsplanen på nettsida her. Dersom du ikkje har utført eigeninnsatsen endå, er det svært viktig at dette blir gjort så snart råd. Utover oppsett periode for installasjonar, er det usikker leveringstid.

Fokus Infranett vil ta kontakt med kvar enkelt kunde for å avtale tid for installasjon når dette nærmer seg.

Status pr. 11.03.22

Oppstart av «Del 2» i utbygginga av Stavang er snart i gang, og vi er i dialog med fiberentreprenør. Arbeidet i første omgang, inneber å skøyte i hop heile nettet vi har lagt, for deretter å kople opp alle som har bestilt. For dette arbeidet er vi avhengige av at du som kunde, har utført eigeninnsatsen med graving frå tomtegrensa til husveggen din. Dersom du ikkje allereie har utført eigeninnsatsen eller har klarlagt innføringsveg, så ber vi om at dette blir gjort innan 21.03.2022.

Har du spørsmål til graving på eiga tomt, kvar du skal grave frå, eller treng meir røyr, ta kontakt med GS-Maskin på kontaktnummeret over.

Vi kjem tilbake med oppdatert informasjon når eksakt utbyggingsperiode for installasjonar er avklart.

Status pr. 24.11.21

Det blir arbeidd med å skaffe løyver og førebu oppstarten. Meir informasjon kjem etter kvart.