Fiber i områda Raa og Torvund - Høyanger kommune

Enivest held på å bygge eit nytt TV- og breibandsnett basert på fiberteknologi. Under finn du informasjon om framdrift i utbyggingsprosjektet.

Klikk her for meir fiberinfo

Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging i området frå Rå i vest til og med Indre Torvund i Høyanger Kommune.

Enivest gleder seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi samfunnet.

Dette prosjektet er delt inn i to delar.

Del 1: Denne delen omhandlar gravearbeid, legging av røyr, trekking av kablar og montering av skåp.
Del 2: Denne delen omhandlar skøytearbeid av kablar og kundeleveransar.

Enivest har inngått avtale med GS-Maskin AS om del 1 av prosjektet. Val av entreprenør for arbeidet i del 2, er ikkje gjort enno.

Hovud- og graveentreprenør: GS-Maskin AS
Fiberentreprenør/kundeinstallasjon: Ikkje kjent enno.
Oppstart av arbeid i feltet: Veke 23 (ca. 10.06.2022)
Kundeinstallasjonar: 01.09.2022 - 20.10.2022 (estimert)

Kontaktperson er Terje Pettersen i GS-Maskin, tlf. 46 70 89 09 (kl. 08:00 - 16:00) epost: kunde@gs-maskin.no. Ta kontakt med han om du har spørsmål vedkommande graving og framføring av kablar.

Status pr. 06.07.22

Vi ventar på godkjenning frå kommunen på gravesøknadane. Så snart desse er på plass, startar vi arbeidet. Meir informasjon vil komme her utover sommaren.

Status pr. 24.06.22

Vi startar opp arbeidet i området i veke 27. Det vil vere graving av grøfter som skjer først. Meir informasjon vil komme her utover sommaren.

Status pr. 24.05.22

Grave-entreprenør er i gang med etablering av riggplass og tilkøyring av materiell.